Vart dårlig med oppdatering i helga, men hadde ei fin helg med mange flotte folk! Fredag blei det trening etter skulen, så var eg og Janne borte i hallen og heia på Kamilla som spela på Kjempenes Liga. Flinkingane kom på 2. plass, woop! Så blei det nachos og kos med ein fin gjeng før vi tok turen ut på Meieriet. Ein veldig bra kveld!
Resten av helga blei rolig med prøvelesing, pizza, koselig besøk fra Førde av Sara og trening. No er det på den igjen med ny veke!
Sitter i skivandes stund og eter lunch med mine kjære jenter på skulen. Baguett med kylling i karrimajones, nam! Jobber med Sogndal Filmfestival heile skuledagen i dag, masse som skal ordnast. Sogndal Filmfestival er kort fortalt ein kortfilmfestival for ungdom i Sogn og Fjordane arrangert av 3MK ved Sogndal vgs. Her får vi inn kjende føredragshaldarar, har workshop, gallakveld og prisutdeling. Festivalen er i mars, så vi er veldig spennte og litt stressa for augeblikket, men trur det blir veldig bra!
Var på 75 minutt spinning time i dag. Hard, men utrulig kjekk time! Deretter blei det litt styrke på mage. Har slete ein del med beinhinnebetendelse ei god stund no, noke som har gjort at eg ikkje har kunna springe intervallar sånn som eg bruker. Så har måtte dreve med alternativ trening som sykling og elipsemaskin, men syns ikkje det er like kjekt. Men spinning er veldig kjekt, så det passer jo perfekt!
Har heldigvis begynnt å bli bra igjen no, men for at eg ikkje skal risikere å få det tilbake denne gangen også sånn som før er eg nødt og roe ned på springinga. Derfor har eg funne ut at det kan vere lurt å kombinere spinning og intervallar på tredemølla, slik at eg spring anna kvar og syklar anna kvar. Gjer og at det blir meir variasjon i treninga, noke som er supert! Så blir det jo sjølvsagt styrketrening i tillegg, det lika vi!
Det har jo som dei fleste sikkert har fått med seg blitt stor oppmerksomheit rundt Tone sin nye musikkvideo. Personlig elska eg Tone! Ho er den finaste eg veit om, frå topp til tå! Eg syns ho er eit sunnt forbilde for jenter, ho har virkelig jobba for den kroppen ho har med eit sunnt kosthald og hard trening og då syns eg absolutt ho ikkje har noken grunn til å skjule kroppen sin.
Når det kjem til musikkvideoen skal eg ærlig innrømme at sjølve musikkvideoen er eg ikkje spesiellt imponert over. Eg går jo på medialinja og vi har nettopp laga musikkvideoar til NRK i forbindelse med MGP, og til og med vi kunne enkelt fått til å lage ein slik musikkvideo. Det er enkle klipp og lys, og ei veldig dårlig handling. Men det her er det ikkje Tone som skal få kritikk for, men den som laga musikkvideoen. Uansett har hovudfokuset i media vert på at Tone spelar på sex og kroppen sin i videoen og det blir framstillt som at ho er billig osv. Det her syns eg er så utrulig dårlig! Om ein ser på store kjende artistar som Lady Gaga og Rihanna og kor mykje dei spelar på sex, er dette barnemat i forhold! Hadde det ikkje vert for at Tone er ein norsk artist og at Norge har veldig lite rom for å godta at nokon får suksess, så hadde ikkje denne musikkvideoen blitt sett på som vågal i det heile. Ho ser heilt fantastisk ut i videoen, og eg trur mange rakkar ned på den av rein misunnelse.
Tone skreiv eit heilt utrulig bra innlegg på bloggen sin i dag for å slå tilbake på all krtikken ho har fått, og det syns eg absolutt er verdt å lese. Innlegget kan du finne her.
"Sjangeren min e pop, markede mitt e Norge, men konkurransen min er internasjonal. Ein norsk platekjøpar drite i om eg snakka Sogndalsdialekt eller Brooklyn accent. Det vil sei at eg blant anna konkurrera med folk som Rihanna, Beyonce og Lady Gaga. Tre jenter eg har enorm respekt for. Det e óg tre jenter som heile tiden tøye grenser for kå ein artist kan vere, og kå ein artist kan ha på seg. Det digga eg dei for! Det gir meg meir spelerom. Trudde eg. Problemet e at når eg skal konkurrere med desse verdensstjernene, så vil noken av mine medsøstre her heime at eg skal følge "norske" speleregla. Det blir som å sende RBK iført lakksko inn på bana mot Barcelona. Det funka dårlig."
Weee, har bestemt meg for å begynne å blogge igjen! Lurer på kor lenge det varer..
Har akkurat bestillt russepass og russelappen, herlighet kor eg gleda meg til russetida! Blir så fantastisk bra med russefeiring over to veker i strekk. Sitter i russestyret òg, så ganske gøy å vere med og planlegge alt som skal i boks, føler det gjer at eg blir ekstra gira. Har veldig lyst å ha russebil da, men det tviler eg på blir noke av, sjølv om det hadde vert digg!
Har forresten begynnt å twitre og funne ut at det er kjempegøy, så oppfordra alle til å følge meg: @SiljeBraastad.
Random bilde av meg og mi kjære Afrodite fordi eg såg ut som ein mann på dei vi tok no..
Verdens beste lillesøster er offisiellt fjortis i dag! Gratulerer med dagen lille venn!!! Slenger med eit bilde av det vakre bursdagsbarnet pluss outfit fra familieselskap i dag. Hadde forresten ein finfin båttur i går, kom heim igjen over middnatt. No blir det trening!
Hadde noken herlige daga i Bergen med Helene! Kom heim igjen i går kveld etter ein fin dag i sola med shopping og kos. Dagen i dag har eg tilbragt med min gode venn teoriboka! Gler meg til teorien er i boks. Har hatt meg ein herlig tur på fjellet òg. Hadde eigentleg planar om å vere i Bergen heile helga òg, men måtte heim og filme, har enda ikkje meir råmateriale til filmen eg helder på å lage. Høyre berre på Kanye West etter konserten på tirsdag, herreguuuud så konge!!
Konserten i går var heilt fantastisk bra! Koste oss kjempe mykje. Haha, når vi skulle ta taxi heim igjen var det jo eeevig lang taxi kø, og det gadd ikkje vi. Så vi ringte taxi sentralen og betillte taxi som kom etter sånn 2 min. Skjønner ikkje koffor folk er så dumme at dei står i den lange køa når ein berre kan bestille!
No sitter vi på bybanen, skal ned i sentrum og shoppe og sjå Hangover 2! Håper den er like bra som eineren!